onsdag 3. juli 2019

Takk til Strøksnes

Juni 2019
Leserinnlegg til ukeavisa Dag og tid i forbindelse med en debatt om Israel. Ble ikke tatt inn.

Eg er mellom dei som finn glede i å lesa gode lesarinnlegg. Her finn eg ofte det mest interessante stoffet i avisene. Av og til er det og slik at eg tenker at eg skulle ha takka forfattaren for eit godt innlegg, men når kvardagen kjem så blir det glømt.

Mellom anna har eg tenkt at eg skulle ha takka Morten Strøksnes for hans gode innlegg i samband med artikkelserien frå Israel her i bladet. For at han har tatt på seg det arbeidet og den belastninga det er å gå i rette med påstandane og haldningane som kjem fram i artikkelserien til Geir Olav Jørgensen.

Men det har ikkje blitt noko av. Ikkje før no. No ser eg at Strøksnes får pepper frå Dag og Tids redaktør. Som gammal journalist tykkjer eg det er pinleg, all den tid innlegga frå Strøksnes har vore trygt innafor det saklege og basert på dokumenterbare fakta. Hard i klypa er han, men så er denne konflikten heller ikkje nokon søndagsskole. Når så kona til forfattaren av artikkelserien får sleppe til med usaklege åtak på Strøksnes, er det på tide å «skride til tastaturet».

No trur eg Strøksnes sjølv er i stand til å svare for seg, men eg er ikkje så sikker på at han orkar å ta ein debatt på dei premissa som Sarah Jørgensen legg opp til. I motsetnad til ektemannen, som i sine svar til Strøksnes har vore rimeleg sakleg og mottakeleg for kritikk, nyttar ho sin posisjon som etterkomar etter Holocaust-overlevande til å legge tankar og meiningar i munnen, eller rettare, i penna til Strøksnes, som han slett ikkje har ytra. I staden for å freiste å imøtegå Strøksnes med fakta og sakleg argumentasjon, kjem ho med urimelege påstandar om kva han tenker og ikkje tenker.

Så vidt eg kan sjå har Strøksnes ikkje gjort anna enn å peke på feil og manglar i Jørgensens artiklar. For det kan ikkje vera slik at sjølv om artiklane handlar om menneska og deira tankar og haldningar, så er det ikkje så nøye med fakta, i sær om dette er fakta som er heilt grunnleggande for å forstå historia, i dette tilfellet historia til staten Israel. Forstår eg Sarah Jørgensen rett meiner ho at «fleire tiår gamle fakta som ingen kan gjere nok med» ikkje er noko å bry lesarane med?

Det er ikkje noko vettug menneske i Norge, eller i verda for den del, som ikkje krympar seg i skam over den uhyrlege lagnaden til Holocaust-ofra, som for det meste var jødar. Derfor er det så vanskeleg å forstå at dei som kallar seg jødar i dag ikkje er i stand til å sjå at måten staten Israel ter seg på, no og heilt sia FN med «gudfar» Trygve Lie i spissen gjekk med på å opprette staten, er sterkt kritikkverdig, spesielt i høve til innbyggarane i landet dei kom til. Dette er historiske fakta det ikkje er råd å komme utanom om ein ønsker det aldri så mykje. Innlegga frå Strøksnes har bidratt til å kaste ei strime av lys over denne historia som enkelte ønsker å trekke eit slør over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar